Hytter

Sjuseter Hytter er koselege og komfortable feriehus som ligg ved eit lite vatn 250 moh. i den idylliske sætergrenda Sjuseter. I dag er det slutt på stølsdrifta, men det går mange dyr på beite i området. I vatnet kan ein bada og fiska. Det er fleire gode fiskevatn i området. Ved Hardangerfjorden (6 km) kan båt med motor leigast. I Øystese og Norheimsund finn ein butikkar og restaurantar.

Sjuseter er eit svært godt utgangspunkt for turar til Bergen, Folgefonna, Eidfjord, Voss og andre stader i distriktet. Hyttene har høg standard og framstår som veldig koselege og komfortable. Dei har alt av utsyr, også boblebad og sauna. Husa har ein solrik, delvis overbygd terrasse. Om vinteren er Sjuseter eit flott skiområde. Leige minimum 2 døgn.

Sjå kva aktivitetstilbod som fins i nærområdet.